Når: Onsdag 23. september
kl. 19.00
Hvor: Peer Gynt, småbord
Priser: 220,-
Varighet: Ingen pause

Burns på dialekt. «Alt som eingong va´»

Onsdag 23. september kl. 19.00

Kjøp billett

Dikt av den skotske nasjonaldikteren Robert Burns har blitt oversatt til klingende Vest-Telemarkdialekt. Kvederne Åsmund Nordstoga og Ingebjørg Lognvik Reinholdt, den skotske felespilleren Sarah Jane Summers og gitarist Juhani Silvola og bassist Morten Kvam kan love nye friske arrangement med skotske folketoner og slåtter – alt på vest-telemål.

Peter Fjågesund har oversatt en stor mengde av Burns sine dikt. Oversetteren sier selv her hvorfor han har valgt akkurat Vest-Telemarkdialekten:

«Burns har i hovudsak vore omsett til standard skriftspråk, om enn hovudsakeleg til nynorsk. Men Burns skreiv på dialekt, og bruken hans av dialekt var eit viktig «statement» for å gje prestisje og kraft bak språket til vanlege menneske, som sto utanfor den kulturelle eliten. Dette var faktisk eit hovudbodskap i heile romantikken, og Burns var ein av nybrotsmennene for denne tanken; han er ein periferiens mann som lyfter fram periferiens kultur i konkurranse med sentrumskulturen.

I tillegg tok han alltid utgangspunkt i den skotske folkemusikken, i både tekst og melodi, dvs. i den musikalske dialekten som han hadde under huda. Difor er han ikkje fyrst og fremst den store originale diktaren, men han gjorde det meisterstykke å vidareutvikle ein folkeleg poetisk-musikalsk tradisjon i den grad at han kunne sende den tilbake til folket, som ein ny og forbetra folketradisjon, som lever på folkemunne den dag i dag. Dette har ikkje tidlegare omsetjingar teke tilstrekkeleg høgde for. Difor er dette Burns-prosjektet annleis, og etter vår meining meir slik Burns ville ha ynskt det.

I tillegg er ikkje valet av Vest-Telemark-dialekten heilt tilfeldig. Vest-Telemark fostra ein diktar som ikkje berre i mangt minner om Burns, nemleg Aasmund Olavsson Vinje; han gjorde òg nokre små freistnader på å omsette Burns til det målet som tilsvarer den skotske språkdrakta hans: eit dialektbasert folkespråk. Difor er dette prosjektet både del av ein redningsoperasjon for dialektane og for nynorsken, og samstundes for dialekten i Vest-Telemark; det ynskjer å vise at dialektane har lyriske kvalitetar som dei etablerte skriftspråka manglar, særleg i møte med litteratur og kultur som nett har eit folkeleg opphav. I siste instans er det Robert Burns som gjer det mogleg for norske pop-, vise- og folkesongarar å nytte dialekten sin utan å skamme seg! Han er kort sagt gudfaren til den dialektbaserte populærlitteraturen.»

Billettpris: kr 220

Når: Onsdag 23. september
kl. 19.00
Hvor: Peer Gynt, småbord
Priser: 220,-
Varighet: Ingen pause